India seiar du?
Ting ender ikkje alltid slik dei ser ut til å gjer frå byrjinga. Ting går greit her i langtvekkistan, men reisemålet har endra seg, dermed endrar ein del andre ting seg også.
PLanen var å reisa på teamet til Nepal, men då spørsmålet om nytt reisemål kom vart ting endra brått. Eg takka ja til å fylgje med India teamet, ettersom ho eine som va med var sjuk og vart oppfordra til å reise til eit anna land der oppgåvene var litt mindre krevande, slik at ho kunne slappe litt meir av. India teamet reiser rundt i heile landet med ulike oppgåver, som f. eks. besøke barnehjem der ein skal sparke fotball, dela ut fotballdrakter, leike og snakke med barna osv. Oppgåvene er ikkje bestemte, men det kjem til å vera oppgåver som liknar på denne eg har høyrt + mykje meir. Turen kjem til å utfordra mykje på evangeliserings oppgåver. Kvar eg har min plass i teamet er eg ikkje heilt sikker på endå. Eg kjenner dei ikkje så godt enda, men det lovar godt. Og det vert nok litt musikk, drama, vitnesbyrd og korte andakter. Eit år var det ei som fekk halde tale i ein menigheit for ca 2000 indere, men det er vel kanskje ikkje noko eg satsar på med det fyrste. India teamet er det mest krevjande landet med mest utfordringar som reiser ut frå GUS, derfor vart det ei tillitserklæring då eg fekk tilbode. Eg hadde ikkje skrive opp India som eit alternativ då eg søkte, fordi eg trudde ikkje at mine kvalifikasjonar var gode nok. Lærarane har tru på meg, så det må jo telja for noko! :) Eg gler meg til å verta kjend med dei andre på teamet. Kristin har eg truffet ein gong på Stranda, under ein familie-ferieleir for mange år tilbake i tid. Dei to andre guttaboys fra Bergen er veldig greie, og eg har tru på at me vert eit godt team!
Endring av land betyr også at eg må endre location of bagasjen.. Eg flytter frå hus 4 til hus 2. Det er merkeleg og super trist å flyttja frå dei 8 herlege jentene eg har vorte kjent med. Men det er også veldig kjekt å verte betre kjent med fleire óg! Men det vert ein liten avskjedsfest i Oslo med hus 4 jentene. I annledning Malene sin 19 årsdag reiser me alle saman til Oslo S, der me skal hovedsakleg shoppe, eta, og dansa. Som dei store festløvene eg skal reise med vil det seia at det vert full fres til 5-6 tida på søndagsmorgon. Eg vonar kjøyringa går godt! Det vert nok ein roleg bil-bønn før me tek av garde.
Ting går greit! Eg flyttar inn i det nye huset frå kjelleren med eige bad, til 2. etg på eit lite rom med eit bad på deling til 4 jenter. Det vert intimt og godt! Gler meg til haustferien!! Det var veldig kjekt at mine kjære jenter ville ta turen og besøke meg i den einsame byen Kristiansand! Det set eg STOR pris på! Ferien min er redda!
Ha ein KJEMPE dag! Veldig kjekt når folk set ein liten bokstav i gjesteboka! Eg lovar å svare!! :) Me sjåast alle saman!
Berre ei veke..
Berre ei veke har gått, men det føles som om det har gått ein evighet. Leirstemninga er der endå, og det er fortsatt mange inntrykk å ta inn. Sidan eg ligg i kjellaren høyrer eg svært godt når dei andre vaknar, så eg får alltid beskjed i god når det er på tida å vakna. I dag vakna eg av at nokon framande som budde i det eine kollektivet i helga, steikte egg og utløyste brannalarmen. Ganske irriterande lyd.. Heldigvis er ikkje alarmen i kollektiva kopla opp til brannstasjonen!
Dagane her går til mykje rart. Helga har peisa fort forbi, faktisk altfor fort! I går var me (heile hus 4 (vårt hus) vel å merke) på fottur (igjen), noko som ser ut til å verta svært mykje av! Digger at det er andre som likar å ta initiativ til slike ting! Turen gjekk over stokk og stein, og inn til Hurdal sentrum som består av ei rundkjøyring, med Spar, rådhuset, trening- og solstudio, eit alternativt apotek + litt ymse. Dermed sagt ganske øde! Er nok nødt til å ta med ski når eg kjem hit att frå påskeferien, det kan verta stor nytte av dei her! I går fann me endå meir kantarellar, som me imponerte rektor med (som også er ein stor sopp entusiast). Ellers har helga gått til mykje volleyballspeling, Kamilla og tyven 1og2 (dermed litt grining(eller "skriking" som trønderen i huset seiar), alle i huset er jo jenter (noko eg ser på som svært positivt av forskjellige årsaker som f.eks. orden og div.)). I kveld er det møte på Hurdal Verk folkehøgskulen (Gå Ut Senteret samarbeidar med Hurdal Verk), og det kan jo verte fest...
Nyttig informasjon: Mobilen min strevar litt om dagane, og det er derfor ikkje så lett å nå meg ved å ringja meg. Ein må skriva melding eller leggja igjen beskjed på mobilsvararen, så kan eg ta kontakt tilbake. Mobilen slår seg nemleg av når den ikkje er i aktivitet. Det er veldig kjekt å få lydar på mobilen når eg slår han på att, så ikkje gje opp av denne grunn! :)
Me høyres...
Namasté
Då er eg i gang med den nye reiseblogen min som kjem til å informera om korleis livet her i Hurdal, og seinare i Nepal er. Kor seriøs denne bloggen vil verta kjem jo til å visa seg med tida, og oppdateringa er kanskje ikkje på topp nivå. (Tilgang på internett i Nepal er opplyst om at kjem til å verta minimalistisk, men nok til å halda litt kontakt.)
Namasté er den Nepalske helsinga for hei og hade, og betyr "eg helsar guden i deg".. Litt u-kristeleg måte å helsa på, men det er kultur, så ein må leva med det.. :)
Foreløpig er opphaldet her på øde Hurdal ganske bra! Nepal gjengen er en gjeng med fire andre herlege jenter, og resten av dei i kollektivet som skal til Aserbadsjan (tre jenter) er like fantastiske! Livet her har bestått av nattverdsamlig, undervisning, kulturkortspill, husmøte (som består i å laga så mange lister over alt mogleg som mogleg kan), blåbærplukking m/myggstikk, +mer blåbærplukking, sopp-plukking, bibel og bønnemøte i kollektivet, Grace Anatomy, festlege lærarar, Tirsdagssamlig, og mykje meir!!!
Mari (frå Bergen)har lært meg blant anna 4 nye etande 1.klasses soppartar. Blant anna Rødskrubb, Brunskrubb, Steinsopp og Kantarellar (kantarellar kunne eg frå før, men har aldri plukka nokon sjølv, så det står på lista mi over sopp eg har lært). I Hurdal er det mange soppar! Me veit ikkje om alle kan etast, men me held oss til dei me kan, og let dei raude soppane med kvite prikkar stå igjen.
Av alle dei rundt 30 andre elevane her, har eg også funne to jenter som driv med havkajakk!!! Kor fantastisk er vel ikkje det?? Har allerede tipsa om moglegheita til å gå saman og låne kajakk på Hurdal verk.. Fantastisk!! Eg gler meg! I tillegg er det opptil fleire U2 fans, inkludert Torfrid (nepal kontaktlæraren min).. Dette er jammen ein stad å lika!
Undervisninga som me har blitt litt informert om, lovar om veldig lovande og lærerik læring! Opptil fleire langvegsfarande undervisarar som vil læra oss mykje nytt innan Tverrkulurell kommunikasjon. Alt høyres planlagt og strukturert ut, og gjer at eg gled meg kvar dag til undervisnings øktene.
Det einaste som er litt nytt er at møtene er veldig kyrkjelege, med syndsbekjennelse, nattverd og liknande ting. Lovsangen er litt eldre sanger som ikkje er typiske frå ungdomsmijøet på saron, men veldig fine sangar som er lette å verta glade i, men ikkje fullt så lette å læra ettersom det er mange ord i alle vers.. Men det eg mykje nye og bra ting å læra her, og ser fram til året som kjem.
Då er det på tide å verta litt sosial igjen, og forlata dette tomme datarommet! Ha ein herleg dag! Håpar folk legg igjen kommentarar slik at eg får ei føling av at det ikkje er så langt mellom Hurdal og omverda.. :) Her er det jammen øde!!